Nå er den her! Torfinns bok om fengselsundervisningens historie; Bot og betring? Vi i FOKO gleder oss over utgivelsen, og synes det er flott at det kommer en bok som tar for seg historien fra tukthusa på 1700-tallet og frem til at opplæring og skole har en naturlig plass i fengslene i dag. Torfinn stiller også spørsmålet om straff og pedagogikk kan forenes, eller om det er to system som er i konflikt.
Forlaget presenterer boken slik:
Innsette i norske fengsel har same rett til opplæring som andre borgarar. Likevel har det gått lang tid før dei har fått oppfylt rettane sine.
Dette er den første boka som gir ei samla framstilling av fengselsundervisninga i Noreg. Torfinn Langelid tek i denne boka for seg korleis opplæring i tukthus og fengsel opphavleg var knytt til det religiøse perspektivet gjennom bot- og betringstankegangen. Forfattaren gjer greie for korleis fengselsundervisninga etter kvart har blitt del av det ordinære skulesystemet. Boka får fram spenningar mellom fengsels- og skulesystemet og tek opp tema som desse:
- Opplæring som spydspiss i dei importerte tenestene i kriminalomsorga
- Norske og utanlandske innsette sine rettar til opplæring
- Oppfølging etter avslutta soning som vilkår for eit kriminalitetsfritt liv
- Samarbeid over landegrensene til beste for utdanning og arbeid for dei innsette
Bot og betring? er aktuell for studentar der kunnskap om opplæring for utsette grupper står sentralt, Kriminalomsorgens utdanningssenter, Politihøgskulen og samfunnsvitskaplege utdanningar. Boka vil også vera nyttig for lærarar som underviser i kriminalomsorga, fengselspersonale og andre som er interesserte i dette feltet.
Torfinn Langelid er cand.phil. med historie hovudfag. Han har arbeidd som lærar i fengsel i 10 år. Frå 1993-2011 var han hos Fylkesmannen i Hordaland som nasjonal koordinator for opplæring i kriminalomsorga. Han har vore aktiv i utviklinga av nordisk og europeisk fengselsundervisning. Langelid blei i 2012 utnemnd til riddar av 1. klasse av St.Olavs Orden for arbeidet sitt med opplæring i kriminalomsorga.